
Fullt hus og god stemning på frukostmøte 10.desember
Konsernsjef i SKL, Magne Heimvik presenterte prosessen det siste året, og endra rammevilkår som har leia fram til vekslinga mellom SKL og Haugaland Kraft.
SKL vil frå 1.1.2016 ha ei sterkare spissing og større fokus som reint produksjonselskap.
Ca 50 tilsette vil frå nyttår gå over til Haugaland Kraft i Haugesund, og 12 tilsette frå Haugaland Kraft vil få sin arbeidsplass hos SKL på Stord. Ingen tilsette mister jobben.
Fornybar energi med ein grønn visjon vert framtida for SKL, og som produksjonselskap skal ein opp ein divisjon.
Eigarane til SKL har tilført selskapet nye 750 millionar til utvikling, og det vil bli gjort store investeringar dei neste 5 åra.
SKL vert nok mindre synlege på Stord i framtida, men vil fortsatt vera ein viktig bidragsytar.
Presentasjonen til Magne Heimvik kan du laste ned her
Administrerande direktør i Haugaland Kraft, Olav Linga presenterte det som er den største endringa i Haugaland Kraftlags historie etter oppstarten i 1909. Det er et solid selskap med ein egenkapital på 60%, som no overtek el-nettet, leveranse av strøm og fiber på Stord.
I 2016 skal Haugaland Kraft investerar for 400 millioner kroner, og i et 10 års perspektiv skal det gjerast investeringa for om lag 3 milliardar kroner. Endringane skjer veldig fort på fibersida, og Haugaland kraft tek mål av seg til å vera proaktiv i forhold til utviklinga.
Som et samfunnsengasjert selskap vil Haugaland Kraft visa godt igjen i lokalsamfunnet på Stord, og vera ein aktiv bidragsytar inn mot lag og organisasjonar. Haugaland Kraft passar også på at 10% av dei tilsette til ei kvar tid er lærlingar.
Presentasjonen til Olav Linga kan du laste ned her