God oppslutnad til Haugaland Kraft sitt frukostmøte i Kunnskapshuset.

Frukostmøte med Haugaland Kraft - kor straumprisen var eit viktig tema.

10.11.2021
Det var stor interesse for kva som skjer i straummarknaden, og kvifor prisane er så høge, spesielt i sør i landet.


Kraftmarkedsanalytiker i Volue, Torbjørn Haugen tok oss gjennom det korte og det lange bildet som regulerer straumprisane i spotmarknaden.

Ein tørr haust med lite vatten i magasinene, auka forbruk i sør, og manglande kapasitet for å flytta straumen sørover frå dei nordlege delane av landet, er hovudårsaka til at straumen no er veldig høg hos oss. Utanlandskablar er også eit del av dette bildet, men dei er viktige for å gje oss fleksibilitet og at me kan eksportere kraft når me ikkje treng den sjølv.

I det langsiktige bildet vil auka vindkraftkapasitet gje betydeleg meir kraft i heile Norden.

Utfordringa i dag er at eit auka forbruk ikkje harmonerer med den tilgangen me har på kraft, og det vil sannsynlegvis ta veldig mange år før prisen flatar ut. Det tar i dag for lang tid å byggje ut nettet.



Konserndirektør John Harald Jakobsen i Haugaland Kraft Energi presenterte Smart energistyring - dette kan skape meir forutsigbarheit for forbruket. Solcelle eignar seg godt for mange bygg med flate tak. Nettselskapet får nytt navn som er Fagne AS.



Konserndirektør Jan Håland i Haugaland Kraft Fiber synte muligheitene med 5G og korleis eit godt utbygd breiband er ein forutsetning for at 5G skal fungere godt. 

LES FLEIRE NYHENDE