
Frukostmøte med Haugaland Kraft

Uavhengig av valresultat ser det no ut som om Norgespris på straum blir ein realitet. Jon Andreas Tveit gjorde greie for dei frammøtte kva dette ville sei, både for private, bedrifter og på hytta.

John Arild Arnø er prosjektleiar for IT og Teknologi i nettselskapet Fagne. Han viste oss litt om korleis nettselskapet jobbar for å bruke kraftnettet mest mogleg effektivt og litt om kva som kjem framover av investeringar for å ta bort flaskehalsar i den delen av nettet Fagne har ansvar for.

Lars Andreas Pedersen i Enlink presenterte sine spennande løysingar for styring av effekt og kraft og fortel korleis ein kan tene pengar på å ha kontroll på dette. Saman med Haugaland Kraft tilbyr dei gode verktøy for styring og moglegheit til å utnytte eigen fleksibilitet i forbruk, både for å redusere eigen kostnad, men og for å hente ut gevinst i fleksibilitetsmarknaden.
Vi har fleire kandidatar frå Stord til Stortingsvalet i haust, og vi er glade for at Liv Kari Eskeland (H), Ulvar Akselsen (AP) og Harald Rydland (KRF) var med og fekk god oppdatering rundt kraftsituasjonen på Stord. Våre medlemmer løftar denne saka fram som ein av dei viktigaste SNR skal jobbe med i tida framover.