Frukostmøte med Haugaland Kraft 19.april

23.04.2018
Konsernsjef Olav Linga opna frukostmøte til Haugaland Kraft i kantina i Kunnskapshuset 19.april.
Haugaland Kraft er i stadig vekst, og dei er blitt store på fiber. Haugaland Kraft byggjer nytt på Heiane og samler med dette virksomheten sin i Sunnhordland på Stord, som vil verta arbeidsplassen til ca 100 personar. Nybygget får mellom anna solcellepanel, som er eit område Haugaland Kraft driv mange pilotprosjekt innan. Direktør Harald Jakobsen i Haugaland Kraft Energi tok oss gjennom solcellesatsinga og viste korleis dette vil bidra til å gje forbrukarane tilgang til ulike energikjelder som er kobla opp i eit system. Klimaregnskapet er viktig for folk og folk er derfor oppteken av å kunna bidra i det daglege.

Som den no største eigaren i SKL ønskjer Haugaland Krafti ei nasjonal satsing på selskapet. Dette er viktig for Stordsamfunnet og ei viktig melding til dei 35 frammøtte på frukostmøte.

I sitt innlegg understreka Olav Linga kor viktig lærlingane er for selskapet, og at dei utgjer 10% av staben.

LES FLEIRE NYHENDE