Dei 30 frammøtte til frukostmøte 19.februar i samarbeid med Eierskiftealliansen, fekk ein del problemstillingar presentert knytt til generasjonsskifte, eigarrolla og verdisetjing av verksemda.

Frukostmøte med Eierskiftealliansen 19.februar
2. generasjonseigar i H-Vinduet Magnor AS, Ola Vidar Skaathun peika på kor viktig det er å ta eigaroppgåva på alvor, då han fortalte si historie om å ta over verksemda. Vegard Rong Koppang si historie frå Thermotech AS handlar om eigarskifte, men også om sal av verksemda.
Garman Bore i Leirvik Dampbakeri stod for den lokale historia om generasjonsskifte og eigarstruktur. Ei verksemd som har gått gjennom 5.generasjonar.
Foredraga frå frukostmøte med Eierskiftealliansen finn du her:http://eierskiftealliansen.no/category/moter/hordaland/