
Fokus på kriminalitet i arbeidslivet
Halvdagsseminaret samla rundt 40 personar i Atheno sine lokale på Verket. Det var svært interessante og lærerike innslag frå politiet, arbeidstilsynet, Næringsforeningen i Stavanger, Engelsen Entreprenør, Fellesforbundet og Stord kommune v/ordførar.
Og det var eit tydeleg behov for å komma saman og infomera om korleis det vatr jobba for å avdekka og stansa svart arbeid, sosial dumping og anna kriminalitet. Utsatte bransjar er transport, Bygg- og anlegg, restaurant og bilpleie/reinhald. Totalt er det rundt 400 milliarder kroner som vert unndratt skatt og avgifter.
Konklusjonen etter dagen er at Stord Næringsråd, Atheno og Fellesforbundet tek initiativ til eit fora kor ein kan jobba saman med kommune og dei ulike aktørane innafor A-krim regionalt i Sunnhordland.
Foredraga frå seminaret kan du lasta ned her etter kvart som dei vert lagt ut:
- Næringslivskontakt i Politiet Fred Sherling
- Seniorinspektør Arbeidstilsynet Marie Aanensen
- Kommunikasjonssjef Næringsforeningen i Stavanger Egil Hollund
- Leiar Fellesforbundet Atle Tranøy
- Dagleg leiar Engelsen Entreprenør Bernt Øyvind Vad
- Ordførar Stord kommune Gaute Epland