Engevik Byggsenter vann Næringsprisen 2025

Nils Eivind Horneland stod for underhaldninga på festen og fekk salen med i trampeklapp då han hadde laga songvers om dei tre finalistane til Næringsprisen, Aritech, Engevik Byggservice og Urt & Ugras.

Stian Engevik fortalde om historia til Engevik Byggsenter då han heldt takketalen som vinnar av Næringsprisen 2025.
Frå juryen si grunngjeving for prisen heiter det mellom anna at Engevik Byggsenter og Engevik-konsernet er ei verksemd som gjennom mange år har drive solid og godt, og i 2024 passerte omsetnaden 100 millionar berre i byggsenteret. Vidare peikar juryen på at dei starta nærast med to tomme hender og eit lass med grus, før dei har bygd stein på stein opp til det verksemda har blitt i dag. Juryen har også lagt vekt på at verksemda engasjerer seg i lokalmiljøet ved å sponsa lokale idrettslag og bidra til fellesskap og aktivitet for born og unge.

Sjølve beviset på Næringsprisen er verket "Visjon" av Alf Christian Hvaring.
Informasjon