Godt besøkt frukostmøte der Haugaland Kraft, Fagne og Endra fortalte om sine erfaringar med beredskapsarbeid, både fysisk og digitalt.
Beredskap, digital tryggleik og robust infrastruktur
07.05.2026
| Tekst: Torbjørn Brosvik
Vi lever i ei meir uforutsigbar verd. Geopolitiske spenningar, digitale truslar og meir ekstremvêr stiller stadig høgare krav til tryggleik og beredskap – òg lokalt. Kraft og digital infrastruktur er blant dei mest samfunnskritiske funksjonane vi har. Når straum og fiber er stabile, fungerer både næringsliv, kommunar og kvardagen vår slik han skal.Haugaland Kraft saman med Fagne og Endra heldt frukostmøte på Stord hotell i dag. Dei delte innsikt og erfaringar frå arbeidet med tryggleir, beredskap og verknaden av gode tryggingstiltak. I dag tar vi for gitt at straum og internett verkar, men tenkjer ikkje alltid over kva som ligg bak, eller korleis det virkar. Fagne og HK Fiber fortalte om korleis dei tenker rundt den fysiske sikringa av kablar og anlegg.
Tore Skogøy er IT-sjef i Haugaland Kraft. Han fortalte litt om nokre konkrete tiltak alle tilsette i alle verksemder kan gjere for å få ein vesentleg betring i den digitale tryggleiken.