Framsidebilete

Sunnhordland i omstilling

04.05.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Stord og Bømlo Næringsråd fekk tidlegare statsminister Erna Solberg (H) på vitjing saman med gruppeleiar på fylket (H) Silja Ekeland Bjørkly, til næringslivet i regionen. Tema var omstilling og nye marknader der kompetanse og kompetanseutvikling vart drøfta.
 
Den maritime klynga står sterkt, noko som vart ettertrykkeleg poengtert frå klynga på Rubbestadneset. Hjå Sustainable Energy fekk vi presentert den muskelen katapultsenteret no har blitt – og planar for vidare utvikling som gjer dette miljøet ytterlegare relevant for tida som kjem, noko som også inkluderer eit samarbeid med NTNU og Høgskulen. NCEMCT sette søkelyset på krava som må på plass for at vår maritime industri også i framhaldet skal vera verdsleiande, og saman med Atheno kunne Aker Solution fortelje om framtidsutsikter og trong for både omstilling i marknadssegment og kompetanseheving for å møte den nye digitale og automatiserte kvardagen som vil bli eit krav om vi skal kunne konkurrere i verdsklassen. Det var difor bra også å ha med NAV og Opplæringskontoret med i samtalen.

Trong for meir fleksibilitet i opplæringsløpet, myndigheitskrav til offshoreskip som står seg over tid, krav til norsk innhald i dei maritime forsvarskontraktane – var noko av det som vart sett fram av politiske verkemiddel som vil bidra til arbeidsplassar her vest.

Vi ser eit utfordrande bilete framfor oss, men det betyr også moglegheiter om vi greier å vera litt i framkant – det skal vi vera!
 
Politikk

LES FLEIRE NYHENDE