
Bru over Bjørnefjorden gjer best måloppnåing
Rapporten som er utarbeida av Dovre Group, konkluderer med at det midtre alternativet med bru over Bjørnefjorden (K4C) gjer best måloppnåing og høgast netto nytte når bu- og arbeidsmarknadseffekten er tatt med.
Du kan laste ned rapporten her:
http://www.regjeringen.no/Upload/SD/Vedlegg/KS-rapporter/ks1e39aksdalbergenjuli2012.pdf
Stord Næringsråd meiner dette er ein viktig rapport i det vidare arbeidet for å få realisert ein ferjefri kysstamveg, men understrekar at ferjefri frå dag ein framleis er eit krav frå næringslivet.