Billige flybillettar på ruta Stord–Oslo i vinterferien

19.01.2015

"Ruta mellom Stord og Oslo er i høg grad ei rute for næringslivet, men vi vil sjølvsagt gjerne òg ha eit tilbod til dei privatreisande, som ikkje treng fullt fleksible billettar. Frå og med 20. februar til og med 2. mars kan du derfor reise til Oslo for berre 399,– og oppover.

 


Billettane vil vere til sals på utvalde avgangar og vil gjelde ei avgrensa mengd plassar", seier Andreas Mathisen, Commerciel Manager i Stordflyet.no/DAT.


Jan Morten Myklebust, flyplassjef på Stord lufthamn, er glad for at det no blir mogleg å få seg ein billig tur til hovudstaden for dei som er fleksible når det gjeld avreisetidspunkt: "Vi har ønskt oss ei satsing på dei privatreisande, som gjerne vil komme seg raskt og enkelt til hovudstaden. Stordflyet.no/DAT har lytta til oss, og det er vi glade for."


Dette er ikkje det einaste nye frå Stordflyet.no/DAT, slår Andreas Mathisen fast: "Vi introduserer òg faste, låge billettprisar for unge under 18, studentar og seniorar på ruta mellom Stord og Oslo. Vi har no produkt som gjer at fleire kan reise til Oslo for ein lågare pris."


I tillegg kan Stordflyet.no/DAT melde om at interline-avtalen med SAS no er heilt på plass. Det vil seie at det er mogleg å booke billettar frå Stord og direkte vidare til ein av SAS sine destinasjonar. Denne avtalen bind for alvor Sunnhordland og sunnhordlendingane saman med resten av verda.

LES FLEIRE NYHENDE