Svein Ottesen deler ut Næringsprisen 2023 til Reinert Nordtveit i Breeze Ship Design
Svein Ottesen deler ut Næringsprisen 2023 til Reinert Nordtveit i Breeze Ship Design

Vinnaren av Næringsprisen 2023

27.10.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Næringslivet på Stord var samla til den tradisjonelle årsfesten, der høgdepunktet var utdeling av Næringsprisen for 2023. Finalistane Åtgaum, Alltec Services og Breeze Ship Design sat spente medan juryleiar og banksjef i Sparebanken Vest, Svein Ottesen, las grunngjevinga.

Ottesen las opp fleire hint og grunngjevingar, og etterkvart vart det klart at Næringsprisen 2023 gjekk til Breeze Ship Design.

I grunngjevinga frå juryen heiter det:

  • Breeze Ship Design vart etablert av lokale krefter som tok tak då strategien til store konsern ville det annleis. 
  • Verksemda er tru mot eigen idé og filosofi. Dei leverer skreddarsydde design basert på ei analytisk tilnærming til kva behov kunden har. 
  • Breeze Ship Design er opptatt av grøne og berekraftige løysingar for designa sine og samarbeider med andre aktørar for å få nullutslepp i skipsfarten. 
  • Vinnaren kombinerer moderne og effektiv design, med den gode arven skipsdesign har i Sunnhordland på ein framifrå måte. 

Reinert Nordtveit, COO i Breeze Ship Design, tok imot prisen på vegne av verksemda. I takketalen la han vekt på at selskapet byggjer på gode tradisjonar og godt samarbeid mellom ulike aktørar på Stord og i Sunnhordland.
 

Næringsprisen er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar. 

 

Her er kan de lese meir om kva media skriv om prisen:
Sunnhordland om finalistane
Sunnhordland om vinnaren
Stord 24 om finalistane
Stord 24 om vinnaren

Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE