Tok pulsen på bygg og anlegg, med samhandling på agendaen
Store behov og ein bransje i endring
Jan-Petter Abelsen og Arne Hebnes frå BDO tok for seg bygg- og anleggsanalysen og transaksjonsmarknaden. Eit av hovudpoenga i analysematerialet var at vedlikehaldsetterslep og store behov innan mellom anna samferdsel, offentlege bygg og vatn og avløp vil gjere offentlege investeringar til ein viktig drivar for næringa framover.
Samtidig er bransjestrukturen i endring. BDO peika på rekordhøg transaksjonsaktivitet i den nordiske bygg- og anleggsmarknaden, med oppkjøpsfond som ein sentral drivar. Dette gav eit bakteppe for å sjå nærare på både marknadsutsiktene og korleis konsolidering kan påverke næringa.
Frå næringsareal til vatn, avløp og veg
Randi Beathe Hovland frå SKU orienterte om Sørstokken Næringspark og vegen vidare. Presentasjonen løfta dessutan fram fleksible samarbeidsmodellar mellom SKU og eksterne partnarar, der eigedom, kapital og kompetanse kan kombinerast for å utvikle prosjekt og skape verdiar på Stord.

Sverre Brufladt frå Stord VA tok for seg status og prosjekt framover innan vatn og avløp. Det skal investerast mykje innan VA i Stord kommune dei komande åra. Nokre prosjekt er alt i gang, nokre er i tildelingsfase, medan andre kjem i tida framover. Her er det potensiale for mykje arbeid for både små og store verksemder.

Henry Damman frå Statens vegvesen hadde dei store vegprosjekta i regionen som tema. Hordfast, Rogfast og vegsambandet frå Boknafjorden til Stord stod på agendaen. Ei god statusoppdatering for arbeidet som er gjort er vel og bra. Samstundes er det politisk bestemt å leggje Hordfast i Utviklingsporteføljen i Nasjonal transportplan. Dermed er det ikkje tidfesta oppstart. Stord Næringsråd jobbar politisk saman med Næringsforeningen i Stavangerregionen, Bergen Næringsråd og Stavanger2Bergen for å løfte Hordfast fram i neste NTP-rullering. Damman seier at Statens Vegvesen er klare så snart dei får beskjed frå regjering og storting. Frå vedtak vil det gå om lag 2 år før første spadestikk og det er estimert ei byggetid på 8 år.
Vegard Birkeland Vike frå Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) kom med siste nytt om utfordringar og moglegheiter for bygg- og anleggsnæringa på Vestlandet.
Korleis får me meir samfunnsnytte ut av prosjekta?
Presentasjonane gav grunnlag for diskusjonar som gjekk på tvers av dei enkelte prosjekta: Samhandlar det offentlege og bransjen godt nok? Tek me i bruk kompetansen og erfaringa til entreprenørane våre? Og har me den rette kompetansen til å møte oppgåvene som ligg framfor oss?
Desse spørsmåla sette samhandling i sentrum. Behovet for nye og oppgraderte bygg, anlegg og infrastruktur må sjåast i samanheng med korleis prosjekta blir planlagde og gjennomførte, og korleis den samla kompetansen hos oppdragsgjevarar og entreprenørar blir nytta.
Frukost- og temasamlinga gav rom for både oversikt og dialog om utsiktene for næringa. For Stord Næringsråd er det verdifullt å samle bransjen og offentlege aktørar rundt same bord – med blikket retta mot oppgåvene som kjem, og korleis me saman kan få mest mogleg samfunnsnytte ut av innsatsen.
Samlingar