Årsfest
Haakon Vatle mønstra mannskapet på Årsfesten til innsats for Stordskipet, Hoi!

Heidra Frugård og Leikekista – samla næringslivet til fest

09.11.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Bakeriet Frugård vann Næringsprisen 2026, medan Leikekista fekk Nyskaparprisen. På årsfesten til Stord Næringsråd stod både skaparglede og fellesskap i sentrum, med rom for å ha det kjekt, bli betre kjende og leggja grunnlaget for nye samarbeid
Fredag 6. november var næringslivet samla til årsfest på Stord Hotell. Prisane løfta fram to verksemder som på kvar sin måte skaper liv og møteplassar i Leirvik: Bakeriet Frugård gjennom langsiktig drift og kulturengasjement, og Leikekista gjennom eit nytt konsept for leik og sosialt samvær.

Ein viktig møteplass i sentrum
Bakeriet Frugård har halde stand i Borggata gjennom både gode og krevjande tider. Med Næringsprisen 2026 får verksemda ei anerkjenning som handlar om meir enn det som skjer over disken: Frugård er òg ein arena for kultur, opplevingar og menneske som møtest.


Her begynner det å demre for styreleiar Jan Frugård og dagleg leiar Geir Kannelønning i Bakeriet Frugård at det er dei som er vinnarar av Næringsprisen 2026. Det synlege beviset for prisen er verket Mater av Ragnhild Winsvold

I omtalen av finalistane trekte Stord Næringsråd fram kombinasjonen av langsiktig drift, lokal forankring og kulturengasjement. Verksemda har satsa målretta på arrangement, mellom anna med eigen bookingansvarleg. For mange unge har Frugård dessutan vore den første arbeidsplassen og ein stad å få verdifull arbeidserfaring.

Engelsen Anlegg og Sunnhordland Bil var dei andre finalistane til årets næringspris. Saman med Frugård viser dei breidda i det lokale næringslivet og verdien av verksemder som utviklar seg og tek samfunnsansvar.

Nyskaparprisen til Leikekista
Leikekista fekk Nyskaparprisen for å sjå kjende ting med nye auge. I Borggata har verksemda kombinert leik, kaffi, butikk og eit bibliotek for leiker til ein møteplass for små og store.


Foto: Jonas Tislevoll, Sunnhordland

Magdalena Buchwald Vikanes og Elva Björk Margeirsdottir fekk prisen utdelt frå dagleg leiar i Stord Næringsråd, Torbjørn Brosvik. 

Hos Leikekista kan barna leika og utforska medan dei vaksne tek ein kaffi og slår av ein prat. Leikene kan prøvast, kjøpast eller leigast med heim. Konseptet koplar dermed opplevingar og handel med høvet til å bruka leikene utan å måtta eiga dei.

Med Nyskaparprisen ønskjer Stord Næringsråd å løfta fram entreprenørskap, nyskaping og innovasjon – og heia på dei som tenkjer nytt og vågar å prøva. Leikekista viser at nye idear òg kan veksa fram når ein set saman noko velkjent på ein ny måte.

Gode møte kan bli starten på noko nytt
Årsfesten handlar ikkje berre om kven som får med seg ein pris heim. For Stord Næringsråd er det òg viktig å samla næringslivet utanfor dei vanlege møteromma, med tid til gode samtalar og til å ha det kjekt i lag.

Ambisjonen er å skapa ein møteplass der kjende kontaktar kan styrkjast og nye relasjonar kan få veksa. Ein uformell prat kan opna for ein idé, eit nytt perspektiv eller eit samarbeid på tvers av verksemder og bransjar.

Årets prisvinnarar viser sjølve verdien av møteplassar. Både Frugård og Leikekista gir folk ein grunn til å møtast i sentrum. På årsfesten fekk næringslivet høve til å heidra innsatsen deira – og samstundes dyrka fellesskapet som kan gi grobotn for det neste som skal skapast.

Stord Næringsråd gratulerer Bakeriet Frugård og Leikekista med prisane og takkar finalistane og alle som var med på feiringa!


 
Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE