Dyr myrvold gard
På Myrvold Gard kan du møte mange forskjellige dyr, mellom anna fleire gamle og verneverdige norske kurasar.

Ny medlem - Myrvold Gard

01.11.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
På Huglo ligg Myrvold gard, eit reisemål med ein kombinasjon av opplevingar du ikkje finn mange andre stader. Les meir her om vår siste medlem!
 
På Myrvold Gard kan gjestene overnatte, nyte pizza og gode måltid i restauranten, besøke kafé og gardsbutikk eller kome tett på ei spennande samling norske og eksotiske dyr og fuglar. Vi har vanlegvis ope frå påsketider til ut september, men tek også imot større og mindre grupper i restauranten gjennom heile året.



På Myrvold gard er vi opptekne av å bruke dei ressursane vi har, og få mest mogleg ut av råvarene. Garden driv mjølkeproduksjon med fleire gamle, verneverdige Norske kurasar, og foredlar mjølka lokalt til mellom anna ost, kefir, yoghurt og iskrem. I tillegg lagar vi eigne kjøtprodukt og ulike produkt av råvarer frå garden og naturen rundt oss, som oljer, salt, geléar og saft. Mykje av dette brukar vi i restauranten og kaféen, og resten sel vi i gardsbutikken og gjennom lokale utsalsstader. Slik kan vi tilby mat og produkt med lokal forankring, samstundes som vi legg vekt på god ressursutnytting, mindre matsvinn og berekraftig produksjon.



Myrvold gard er ei verksemd i stadig utvikling, der gardsdrift, foredling, servering og reiseliv er tett knytte saman. Vi er glade for å kunne tilby eigne produkt både på garden og andre stader, mellom anna i gjenbruksbutikken Det Gule Hus i Leirvik og ved bestilling gjennom reko-ringen.

Her kan du lese meir om aktiviteten og tilboda på Myrvold Gard

 
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE