Kyrre Knudsen - SP1SN
Over 60 deltakarar møtte fram då Stord Næringsråd inviterte til lunchmøte med SpareBank 1 Sør-Norge og Leirvik AS på Stord Hotell. Framtidsutsiktene for næringslivet og industrien på Stord stod sentralt.

Lunchmøte om utsiktene for næringslivet og industrien

26.10.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Korleis ser utsiktene ut for næringslivet på Vestlandet, og korleis skal industrimiljøet på Stord møte ein periode med lågare aktivitet? Dette var sentrale tema då over 60 deltakarar møtte fram til lunchmøte med SpareBank 1 Sør-Norge og Leirvik AS på Stord Hotell måndag.

Det var fullt hus då Stord Næringsråd inviterte til lunchmøte saman med SpareBank 1 Sør-Norge og Leirvik AS. På agendaen stod både dei økonomiske utsiktene for næringslivet og situasjonen for industrien på Stord.

Eit hovudtema gjennom møtet var kontrasten mellom eit næringsliv på Vestlandet som samla sett står sterkt, og utfordringane som kan oppstå lokalt når den svært høge aktiviteten i industrien på Stord går inn i ein rolegare periode.
 

Positivt bilde på Vestlandet

Kyrre Knudsen frå SpareBank 1 Sør-Norge presenterte konjunkturbiletet og peika på at industrien på Vestlandet samla sett har gode utsikter.

– I det store biletet går industrien på Vestlandet godt. Det vil vere lokale skilnader, men industrien melder samla positivt i konjunkturbarometeret, sa Kyrre Knudsen.


For Stord er situasjonen likevel spesiell. Industrimiljøet kjem ut av ein periode med svært høg aktivitet, og merksemda er no retta mot korleis ein kan sikre aktivitet, kompetanse og kapasitet også gjennom åra som kjem.
 

Prosjektkompetansen er eit konkurransefortrinn

Øyvind Harald Eskeland frå Leirvik AS sette søkjelyset på kva som skjer når industrien på Stord går ut av ein historisk aktivitetstopp, og korleis ein kan ta vare på den sterke prosjektgjennomføringskompetansen i regionen.

– Det industrien på Stord er aller best på, er prosjektgjennomføringskompetanse. Denne kan nyttast innanfor ei rekkje ulike segment, anten det er havbruk, samferdsle eller olje og gass. Utfordringa er å ta vare på denne kompetansen no når det kjem ein periode med lågare aktivitet, sa Øyvind Harald Eskeland.

Bodskapen var at kompetansen som gjennom fleire tiår er bygd opp gjennom store og komplekse olje- og gassprosjekt, har verdi langt utover éin bransje. Evna til å planleggje og gjennomføre store prosjekt kan bli eit viktig konkurransefortrinn når industrien skal inn i nye marknader.
 

Optimistisk på vegner av Stord

Ordførar Sigbjørn Framnes understreka industrien si betydning for Stord, men peika samtidig på at næringslivet sjølv har ei avgjerande rolle i den vidare utviklinga.

– Her på Stord har me verdsleiande industri. Eg er optimistisk til at me får fleire bein å stå på. Me skal leggje til rette så godt som råd frå kommunen si side, men det er næringslivet som sit med nøkkelen. Olje- og gassverksemd skal ein drive med i mange år til, og eg er heilt trygg på at me ikkje har sett den siste plattforma bygd på Stord enno, sa Sigbjørn Framnes.


Omstilling må skje no

Styreleiar i SNR Liv Kari Eskeland peika på behovet for handling i perioden industrien no går inn i, og på betydninga av at situasjonen på Stord blir forstått nasjonalt.

– Omstilling er no viktig, og Stord Næringsråd er på ballen og jobbar tett inn mot stortingspolitikarar og regjering for å få dei til å forstå situasjonen me står i på Stord, sa Liv Kari Eskeland.


For Stord Næringsråd er nettopp dette eit prioritert arbeid framover: å bidra til at den sterke kompetansen i industrimiljøet blir teken vare på, samtidig som verksemdene får høve til å utvikle aktivitet både i etablerte og nye marknader.

Det gode frammøtet på måndagens lunchmøte viser at framtida for industrien og næringslivet på Stord engasjerer breitt.

 

Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE