
Stavanger - Bergen på under to timar!

Over 100 frammøtte fekk med seg statssekretær Tom Kalsås og utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik sine foredrag på konferansen "Det Nye Vestland"

Stortingspolitikarane Liv Kari Eskeland (H), Erling Gjelsvik (SP) og Terje Halleland (H) var tydelege på dei nasjonale implikasjonane det vil ha å knyte saman to av dei største byane i landet.

Terje Søviknes og Nils Konrad Bua er nyvalde ordførarar i Bjørnafjorden og Haugesund kommune. Dei er samstemte i at kortare reisetid mellom Stavanger og Bergen vil skape enorme mulighetar for bu- og arbeidsmarknaden for kommunane mellom. Søviknes lovar ein kommune som vil heie fram Hordfast!

Jan Ertesvåg frå Aker Solutions var tydeleg på kva behov næringslivet har for effektiv transport. Nedkorting av reisetid vil vere avgjerande for å betre konkurranseevna til industrien på vestlandet.

Dei friskaste innslaga kom dei unge politikarane Lise-May Sæle (H), Ulvar Akselsen (AP) og Mathilde Nonås (Bjørnafjorden ungdomsråd) med. Alle tre peika på at Hordfast og betre veg vil vere avgjerande for at dei skal ønskje å bu på vestlandet, stifte familie, ha interessante jobbar for begge partar og nyte gode fritidstilbod. "Det er kjekt med fjordcruise, men ikkje når ein har vore på bortekamp på handball med jenter 10 år på Nore Neset ein sein kveld og alt har mista den ferja ein prøvde å nå", seier Akselsen. "Skal me få oppleve det livet vi drøymer om, må Hordfast komme".

Konferansen er eit samarbeid mellom Næringsforeningen i Stavanger, Næringsforeningen Haugalandet, Stord Næringsråd, Bergen Næringsråd, Rogfast AS og Hordfast AS.
Samlingar