
Opning Stord vgs

Fylkesordførar Jon Askeland fekk overlevert bygget frå eigedomsavdelinga i Vestland fylke og ga nøkkelen vidare til rektor Ellen Strandenes som lova å fylle bygget med læring og aktivitet.
Auditoriet i den nye yrkesskulen var fylt heilt opp med imponerte gjester og bidragsytarar. Elevar bidrog med songinnslag og det vart ei verdig opning med klipping av elektrorør, som seg hør og bør.

Ambisjonen til Vestland fylke er å samle heile Stord vgs på same stad. Fylkesordførar Askeland viste til at det no berre er 1. byggetrinn som er fullført. Det er klargjort for byggetrinn 2, som då vil gjere plass til klassane på studieførebuande. Når dette er fullført vil alle elevane flyttast over frå Saghaugen, og Stord vgs vere komplett.
SNR gratulerer med ein fantastisk flott skulebygg så langt, og heiar på vidare framdrift til byggetrinn 2.
Kompetanse og utdanning