
Ny medlem - Vevnad AS
- Kundane får ofte ei wow-oppleving når dei kjem inn her, ser garnet og fargane, seier Solveig Meyer Eide, gründer og dagleg leiar i Vevnad. Ho snakkar entusiastisk om godt og kortreist garn frå norsk ull, gjerne sjølvfarga gjennom søsterselskapet Makalaus Ull.
Kundar som kjem innom butikken nyt godt av erfaring og kunnskap og vil garantert vere meir motivert for sitt eige handtverksprosjekt når dei går der i frå. Dersom du ikkje har mulighet til å besøke butikken har Vevnad ein omfattande nettbutikk med godt utval innan garn, vev, strikking, oppskrifter, hekling og mykje meir.
Høyres dette spennande ut? Dette kan du lese meir om på Vevnad og Makalaus Ull eller Facebook og Instagram
Bedriftsbesøk