Fasade Bekkjarvik Gjestgiveri
Bekkjarvik Gjestgivere vart bygd mot slutten av 1600-talet då Kong Christian IV beslutta at det skulle vere gjestehus for kvar halve dagsreise langs norskekysten.

Ny medlem - Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites

12.12.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites er vår nyaste medlem! Velkomen til Stord Næringsråd!
Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites er eit famileieeigd hotell med historie tilbake til 1600 talet.


- Vi er ei kompetansebedrift og ein destinasjonsbyggar. Vi skaper reiselivsopplevingar der vi set saman det klassiske og det moderne, med omtanke for det maritime miljøet vi er ein del av. Vi held til i den sjarmerande gamle handelsstaden Bekkjarvik i Austevoll Kommune like sør for Bergen. Skjærgarden og havet er vår nærmaste nabo, seier Rønnaug Nymark, som er dagleg leiar.


Vår portefølje består av hotella Bekkjarvik Gjestgiveri og Beckerwyc House, samt restaurantane Restaurant Arnt & Ørjan og Mirabelle by Ørjan Johannessen. I tillegg tilbyr vi konferanse- og selskapslokaler og catering.


Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites er til for menneske som søker ro og minneverdige opplevingar innandørs eller utandørs, til lands og til vanns, sommer eller vinter -med det gode måltidet som eit naturleg høgdepunkt. Eit profesjonelt vertskap med eit varmt hjarte for menneske og våre omgjevnadar, byr på nær gjestfrihet:  Island Hospitality by Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites.


Her kan du lese meir om dei ulike tilboda:
https://www.restaurantmirabelle.no/
https://www.beckerwychouse.no/
https://www.bekkjarvikgjestgiveri.no/
Instagram
Facebook
Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE