Student på Vestlandet
Skjermbilde av portalen www.studentpåvestlandet.no

HVL lanserer jobbportal - Student på Vestlandet

28.11.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
HVL lanserer Student på Vestlandet, ein portal der verksemder kan registrere deltidsjobbar, traineestillingar, internships, sommarjobbar, engasjement, oppgåvesamarbeid og stillingar for nyutdanna – heilt gratis.
Kvart år går 3000 kandidatar frå HVL ut i arbeidslivet. 8 av 10 får jobb på Vestlandet. 17 000 studentar sit på kunnskap og kompetanse som kan bidra til vekst og utvikling i heile regionen. Noko av det HVL har fått flest spørsmål om, er korleis verksemder i både privat og offentleg sektor kan komme i kontakt med studentane og kandidatane for å tilby dei jobb, anten medan dei er under utdanning, eller når dei har oppnådd ein grad og er klare til å gå ut i arbeidslivet.

For å komme dette behovet i møte, lanserer HVL no Student på Vestlandet, ein portal der verksemder kan registrere deltidsjobbar, traineestillingar, internships, sommarjobbar, engasjement, oppgåvesamarbeid og stillingar for nyutdanna – heilt gratis.

Vi vonar portalen blir eit godt nytta verktøy der arbeidsgjevarar med behov for å rekruttere nye medarbeidarar, kan knyte til seg flinke studentar og kandidatar, som kan få relevant arbeidserfaring anten under eller etter utdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.

Målet er at verksemdene sjølve skal vurdere kva stillingar eller prosjekt som er relevante for våre studentar. HVL stiller førebels ikkje krav om førehandsgodkjenning av annonsar, men portalen skal evaluerast i løpet av 2024.

Alle verksemder på Vestlandet er hjarteleg velkommen til å nytte den nye jobbportalen, heilt kostnadsfritt.

For innspel eller spørsmål, ta gjerne kontakt med Pål Adrian Clausen Ryen på e-post pal.adrian.clausen.ryen@hvl.no.
 
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE