
Frukostmøte med BDO
- Det er lurt å forberede overføring til neste generasjon i god tid, seier Senior manager Ine M. Bekkeheie i BDO advokater. Både for eigen del og familien sin del er det godt å ha litt tid til å tenke gjennom kva ein sjølv vil og kva resten av familien vil.
- Når er det riktig tid å overføre verksemda til neste generasjon? spør Partner Espen Trædal i BDO advokater. Og kva skal senior leve av etter overføringa er gjort? Ein må tenke gjennom både løn og pensjon og rolle i selskapet etter overføring. Ein må og sjå på kva tid det er best for neste generasjon å ta over.
Framtidsfullmakter, klare avtalar og tinglyste dokument kan vere med på å gjere arveoppgjer klarare og minske sjansen for konfliktar.

Takk til vår samarbeidspartnar BDO for eit godt frukostmøte!

Samlingar