Adm.dir Lars Solberg i Apply Leirvik

Frukostmøte hos Apply Leirvik 21.november

21.11.2013
Det var god oppslutning med nær på 50 deltakarar då hovudsamarbeidspartnar Apply Leirvik inviterte til frukostmøte i Aslaksvikjo. Verksemda har i dag ca. 180 operatørar på Stord og ein Engineerings stab på ca. 200 personar. Apply Leirvik på Stord er hovudbasen for bygging av boligmodular i aluminium for markedet i Nordsjøen. Avdelinga Emtunga bygger i stål og Singapore i aluminium.



Administrerande direktør Lars Solberg og direktør Kjell Arne Halleraker tok oss gjennom det dei betegner som "kjerringa mot strømmen" haldning. Norske verft kan vinna konkurransen  mot utlandet, men det er ein stor og målretta jobb å gjere internt i verksemda og hos den enkelte tilsette. Fokusområde hos Apply Leirvik har vært på å få ned timebruken pr. m2 fra 42 til 15. Prosjekt 42-15 gjer resultat og filosofien er kontinuerlig forbedring, levering i tide og det å ha inntjening.

Pågåande prosjekt og ordrereserver syner at Apply Leirvik har fått godt betalt for å ha fokus på forbetring.



Den neste store jobben som dei ønskjer å vinna er Johan Sverdrup. Dette er et bolighotell med 550 senger, og Solberg trur prosjketet kjem raskt, då det vil være et svært lønnsomt prosjekt for utbygger.



Lars Solberg avslutta med å peika på den unike industrikompetansen som me har i regionen i Sunnhordland, og kor viktig infrastruktur med bru over Bjørnefjorden er, for at me skal utvikla industrien vidare.

LES FLEIRE NYHENDE