Bilder frå fullskala test Bypass Skredsikring
Spente tilskodarar og ein nøgd Kjell Fylkesnes kunne konstatere at Bypass Skredoverbygg besto testane. Foto: Bypass Skredoverbygg

Bypass Skredoverbygg med vellukka fullskalatest

03.07.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Måndag var det på ny spektakulere drop, høge smell og knuste bilar då Bypass Skredoverbygg gjennomførte fullskala test.
I regnveret i Tømmervikjo stod ein spent gjeng med utviklarar, samarbeidspartnarar og potensielle kundar. Kjell Fylkesnes, gründer og eigar av Bypass Skredoverbygg, ønska velkomen til fullskala test av skredoverbygget dei har utvikla.

Denne testen var ei simulering på kva som skjer når eit steinras treff på skredoverbygget. Testane vart utførte ved at ein løfta opp steinar med ulike vekter til 30 meter høgd for så å  sleppe dei ned. Først fekk dei frammøtte sjå kva skader dei ulike steinane ville påført på bilar, for så å sjå kva påverknad steinane hadde på skredoverbygget. Ein nøgd Kjell Fylkesnes kunne til slutt konstatere at testane var bestått med glans. SNR ønskjer lukke til med vidare utvikling av produktet.

Stord Anlegg stod for HMS og den tekniske gjennomføringa.

Sjå og sak frå NRK her.

Du kan lese meir om Bypass Skredoverbygg på Facebook.
Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE