Hordaland fylkeskommune legg til rette for at næringslivet i regionen får profilert seg overfor ungdom. For at ungdommen skal vera best mulig rusta når dei gjer utdannings- og yrkesval, er det viktig at dei kjenner det lokale næringslivet, og veit kva jobbar som finns.
Kommunikasjonsverktøyet www.mittyrke.no er ein fin stad for verksemder å gjera seg synleg for elevar. Alle kommunar, ungdomsskular og verksemder kan nytta seg av dette verktøyet utan kostnad. Her kan ein leggja ut elevstillingar, og profilera seg med logo.
Stord Næringsråd anbefaler medlemmene sine å bruka www.mittyrke.no