Sunnhordland Kraftlag er ny samarbeidspartnar
- Vi ønskjer å vere med å støtte opp om næringsliv og lokalmiljøet på Stord, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL. Me ønskjer å gjere regionen vår, og ikkje minst dei vertskommunane der me er representerte, til gode stadar å vakse opp og bu i. Derfor ønskjer me å bruke midlar på born og unge, gjennom mellom anna idrett og kultur. Det er og viktig å ha noko å leve av, og vi ser SNR som ein god aktør for å fremje eit levande næringsliv.
- Vi er veldig glade for å få med ei så stødig og godt kjent bedrift som SKL som samarbeidspartnar, seier Torbjørn Brosvik, dagleg leiar i SNR. Me er opptatt av å skape gode møteplassar for næringslivet på Stord, og ser fram til å ha samlingar der SKL kan vere bidragsytar.
Informasjon