Ny medlem - Ydda
Ydda er eit konsulentselskap frå Bømlo som tilbyr kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland.
Med relevant kompetanse og god kjennskap til det regionale næringslivet, står dei klare til å hjelpe kundar med å gjere dei rette prosjekta, og gjere dei best mogleg.
Ydda hjelper bedrifter å gjennomføre forbetringsprosjekt som gjerne blir nedprioriterte i kvardagen. Dei går inn med tid og kompetanse til å scope, strukturere og drive prosjekta framover, slik at bedrifta kan utnytte eigne ressursar meir effektivt i prosjekta, og nå måla på tid, plan og kost. I tillegg kan dei bistå kundar med rådgjeving innan prosessarbeid, organisasjonsutvikling, kommunikasjon, strategiarbeid, næringsutvikling, politiske prosessar med meir.
"Saman skaper me verdi gjennom skreddarsydde tenester og sterke relasjonar. Ta gjerne kontakt for ein prat over ein kopp kaffi!"