Blide tilsette ved Det Gule Hus Stord

Ny medlem - Det Gule Hus

14.11.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Det Gule Hus er vår nyaste medlem! Velkomen til Stord Næringsråd
Har du litt for mange ting heime du kunne tenke deg å selge? Eller har du lyst til å kjøpe noko som har vore fint brukt? Då kan Det Gule Hus hjelpe deg!

Konseptet er enkelt og greitt. Du går inn på Det Gule Hus og bookar ei hylle i butikken. Du betaler leige for hylla i det tidsrommet du vel. Så får du tilgang til ei eiga side der du kan legge inn varebeskrivelse og prisar. Butikken skriv ut prislappar. Du ordnar utstillinga i hylla di og kan fylle på etterkvart i perioden. På nettsida di kan du følgje med på korleis det går og kva som blir selt. Pengane blir overført rett til din konto.

Det Gule Hus på Stord har drive sidan 2. desember 2021, og du finn dei i Sæ 14, like ved Elie Verkstad.

- Det er stor pågang og vi utviklar oss stadig vidare- Det har vore ventetid for å få plass i butikken, men no utvidar vi med 100 nye hyller frå 1. februar, seier Elisabeth Aadland Liodden.

- Me sel mest klede, men det er og andre ting, som vesker, sko, brettspel og mykje anna fint. Her er noko for ein kvar smak.

Her finn du meir om Det Gule Hus Stord
Instagram: @detgulehusstord
Facebook: detgulehusstord
Nettside: Det Gule Hus

Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE