Lunchmøte om økonomiske utsikter
DNB ventar at det etter nokre år med reallønnsnedgang no vil vere ein reallønnsauke, som bidrar til eit løft i kjøpekrafta. Vidare har privat konsum ein stor påverknad på økonomien totalt. Dette er med på å føre til at vi får ei mjuk landing i norsk økonomi no, før den igjen vil ta sats.
Svein Rune Jordheim i DNB Markets minna igjen om at ingen veit kva som vil skje med renta framover, og at Norges Bank, som set renta, ikkje alltid treff med sine framskrivingar. Vidare er det viktig å huske at rentesikring ikkje er eit veddemål mot banken, men ei forsikring mot høgare rente når ein ikkje veit kva veg markedsrenta vil gå.
Sjølv etter ein betre lunch vart deltakarane engasjerte av makrotal, rentebaner og økonomiske utsikter.