Fullt hus på frukostmøte om AI i næringslivet
Deltakarane fekk ei oppdatert oversikt over status for AI-bruk i norsk næringsliv. Tal frå Samfunnsøkonomisk analyse viser at delen verksemder som tek i bruk AI har meir enn dobla seg dei siste åra, frå 24 prosent i 2023 til 55 prosent i 2025. Samstundes er dei fleste framleis i ein tidleg eller utforskande fase.

Jonas Skar i BDO Consulting peika òg på at gevinstane aukar i takt med modenheit. Verksemder som har kome langt i AI-bruken rapporterer både høgare produktivitet, reduserte kostnader og auka inntekter. Kompetanseheving vart løfta fram som ein avgjerande suksessfaktor, og nær halvparten av leiarar oppgir at AI-opplæring er blant dei viktigaste prioriteringane dei neste åra.
Møtet tok også for seg risikoar ved bruk av generativ AI, mellom anna knytt til feilinformasjon, personvern og manglande kontroll. Behovet for tydelege retningslinjer og ansvarleg bruk vart understreka, særleg i lys av den komande KI-lova.
Frukostmøtet gav både inspirasjon og konkrete råd til lokale verksemder som ønskjer å kome i gang med, eller ta neste steg, med kunstig intelligens.