Haugaland Kraft

Frukostmøte med Haugaland Kraft

14.03.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Haugaland Kraft er ein viktig tilbydar at straum og fiber i vårt område. På frukostmøtet i dag var fokuset på kva produkt og tenester dei kan levere både til privat- og bedriftskundar.

Konsernsjef Pablo Barrera opna med å fortelje kor viktig Stord er for Haugaland Kraft, både som marknad, men og som kontorstad og strategisk område. Haugaland Kraft eig 60 % av Sunnhordland kraftlag, som er deira produsent av rein vasskraft. Vidare fortel Barrera at det ligg inne søknadar på å få etablert fleire store solkraftanlegg. Gjennom eigarskap i Deep Wind Offshore er dei og godt possisjonert for satsing på havvind. Rein fornybar energi vil alltid vere viktig for Haugaland Kraft.


Hermann Skromme, leiar for nettutvikling og utbygging i Fagne AS, orienterte om statusen for viktige prosjekt for Stord. Det er planar for utbygginga av kapasitet på Stord både gjennom Statkraft og Fagne. Felles for planane er at det er lange ledetider slik at det vil vere ei stund før det er mykje tilgjengeleg kapasitet i nettet. Dersom ein ønskjer å ha tilgang til meir kraft må ein tidleg ta kontakt med Fagne for å diskutere kva som er mogleg å få til.



Aksel Sæther gjekk gjennom fokusområda for kva Haugaland Kraft Fiber leverer til bedrifter og privatpersonar. IoT - Internet og Things har lenge vore snakka om, men no kan sensorar med lang batteridrift sende data rett i skya for vidare analyse og bruk. Internett gjennom fiber er den sikraste og raskase måten å få nett til bedrifta på, men det er ikkje alltid det lar seg gjere å føre fram kabelen. Då kan internett gjennom 5G vere ei løysing.
 
Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE