Over 50 frammøtte fekk med seg frukostmøte med Haugaland Kraft
Over 50 frammøtte fekk med seg frukostmøte med Haugaland Kraft

Frukostmøte med Haugaland Kraft

14.09.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energien var tema då Stord Næringsråd inviterte til frukostmøte saman med Haugaland Kraft.
Over 50 medlemmer møtte opp då Pablo Barrera, konsernsjef i Haugaland Kraft ønska velkomen til frukostmøte.

Næringslivet på Stord er spesielt interessert i korleis tilgangen til straum blir framover og kva som må til for å sikre at nyetableringar og utvidingar får naudsynt kraft. Herman Skromme, Divisjonsleder nettutvikling og utbygging i Fagne, viste kva som var status og planlagte utvidingar framover. Konklusjonen er at dersom ein har planar om å nytte kraft må ein ta kontakt med netteigar på eit tidleg tidspunkt.

Haugaland Kraft har i fleire år jobba med smart energistyring, fornybar energi, vindmøller, solceller og batteri. Kari-Marie Holmstrøm viste til dette og mykje anna som er testa og tatt i bruk på Utsira. Smart og fleksibel styring av kraft vil verte endå meir viktig framover. Les meir om FOU-prosjektet på Utsira her.

"Meir nett" gjeld både kraftnett og fibernett. Mariann Salvesen, direktør i Haugaland Kraft Fiber, fortalde om satsinga på utbygging av fibernett og vidare korleis nye teknologiar spelar inn. Spesielt er samarbeidet med Altibox og Ice viktig når ein tilbyr både fiber og trådlaus tilkopling med høg hastighet.
 
Pablo Barrera Hermann Skromme Kari-Marie Høyvik Holmstrøm Mariann Salvesen


Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE