Brennestart på Aker Solution
Lærlingar, tilsette, underleverandørar og gjester fekk med seg brennestarten på Yggdrasil og Valhall PWP-Fenris.

Brennestart på Yggdrasil og Valhall PWP-Fenris

04.09.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Måndag var det stor feiring på Aker Solutions på Stord. Brennestarten på Yggdrasil og Valhall PWP-Fenris vart markert med talar, gjestar og full musikk!
Brennehallen var full av folk då Aker Solutions med verftsdirektør Arve Kleppe i spissen inviterte til brennestart. Dette er starten på det fysiske arbeidet som vert gjort til Hugin A og Valhall PWP. Det er alt brukt mange timar i prosjektering og innkjøp, men no skal det byggast.

- Alt no er det ca 3000 medarbeidarar i sving på verftet kvar dag. I andre kvartal 2024 vil det komme endå fleire, når prosjektet verkeleg byrjar å ta seg opp, seier Kleppe.

Desse to prosjekta vil åleine medføre 4000 direkte årsverk, i tilleg til ringverknadar hos leverandørar, serviceindustrien, handel og andre verksemder på Stord.

I tillegg til verftsdirektøren var det talar av prosjektdirektør i Aker BP, Knut Sandvik, Ordførar på Stord, Gaute Straume Epland, Verftsansvarleg i Aker Solutions Jan Ertesvåg og Statssekretær Astrid Bergmål (AP) i Olje- og energidepartementet.

Det heile var musikalsk leiar av bandet Chickendales, som bidrog med god stemning på denne gledesdagen!



 
Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE