Jan Ertesvåg fortel om demolering og resirkulering av plattformer.
Jan Ertesvåg fortel om demolering og resirkulering av plattformer.

Frukostmøte med Aker Solutions

16.11.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Full aktivitet, opprusting og bygging på verftet var stikkorda då Aker Solution presenterte seg på frukostmøte. Aker BP heldt fram med å vise korleis dei skal drifte nye plattformar utan folk offshore, men først skal dei byggast på Stord.
Midlertidig verftsdirektør Jan Ertesvåg i Aker Solutions innleia med å fortelje at jakta på ny verftsdirektør er i full gang. Dei vil sjå både internt og eksternt for å finne den beste kandidaten for jobben.


Vidare fekk dei over 100 frammøtte eit innblikk i kva Aker Solutions held på med på verftet no. Det skjer mykje oppgradering av bygg og infrastruktur på verftet for å stette HMS-krav og gjere seg klare til oppgåvene som kjem. Dei neste 3-4 åra vil det vere enorm aktivitet på verftet når produksjonsskipet Johan Castberg skal ferdigstillast og plattformene Hugin A og Valhall PWP skal byggast. Dei første stålplatene vart kutta 4. september og framover vil aktiviteten berre auke på.

Helge Fadnes i Aker BP presenterte vidare dei prosjekta dei arbeider med no, Alvheim, Utsira High, Skarv Satellites, Valhall PWP Fenris og Yggdrasil. Her vil dei nytte både kjente plattformtypar og design, men og nyvinningar som kan fjernstyrast frå operasjonssentralen på land. Fleire subsea-modular og plattformer skal etter kvart opererast heilt utan folk offshore. Det vart og vist korleis felta blir elektrifiserte frå land med straum frå Samnanger, via Fitjar til Yggdrasil.

Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE