Finalistane til Næringsprisen 2024
Dei tre finalistane er:
Maritime Cleantech
Ein utviklingsaktør i verdsklasse. Frå Stord har dei sikra nye aktivitetar for næringslivet, og lagt til rette for nytenking og samarbeid. . Gjennom å sikra etableringar av næringsutvikling som både piloterer og skalerer nye grøne teknologiar, har dei bidrege til å utvikla regionen vår til å bli eit internasjonalt sentrum for grøn innovasjon i havnæringane.
Subshore
Subshore leverer personell og tenester – med kvalitet, og får gode skussmål frå sine kundar, som er blant dei største bedriftene i regionen. Selskapet investerer i sine tilsette og tilbyr også kompetanseheving til eksterne gjennom «Subshoreskulen», som er blitt ei sertifisert opplæringsbedrift.
Bakeriet Frugård
Ein institusjon på Stord. Der andre restaurantar kjem og går har Bakeriet Frugård halde stand og utvikla konseptet sitt jamt og trutt. Dei har halde på identiteten sin og har våga og satse nytt. Revy og sommartelt har vore arena for ein god latter for mange stordabuar. Satsinga på kultur og konsertar gir Stord eit tilbod som langt større byar kan misunne oss.
Bli med å feire finalistane og næringslivet - meld deg på årsfesten her
Informasjon